Molde kommune kuttet ulovlig i enkeltvedtak
Statsforvalteren har konstatert at Molde kommune handlet i strid med lovverket da kommunen fulgte rådene fra Rune Devold AS og kuttet i enkeltvedtakene til 69 innbyggere med utviklingshemning.
NFUs forbundelser Tom Tvedt ba Statsforvalteren føre tilsyn med Molde kommunes kutt i enkeltvedtak til innbyggere med utviklingshemning. Molde kommune hadde leid inn konsulentselskapet Rune Devold AS som hevdet at kommunen hadde et stort innsparingspotensiale. Kommunen synes å ha fulgt konsulentselskapets råd og kuttet i 69 enkeltvedtak. Elleve klaget på endringene i vedtakene. Statsforvalteren omgjorde samtlige elleve vedtak. NFU var bekymret for de 58 personene som ikke hadde påklaget kuttet i tjenester.
Nå konstaterer Statsforvalteren at Molde kommune brøt lovverket.
Fra Statsforvalterens nettside, kan en lese:
I eit oppsummerande brev til Molde kommune i 2019 peika Statsforvaltaren på konkrete feil i dei klagesakene dei hadde behandla.
– Vi gjorde det klart for kommunen at vi forventa at leiinga sørga for å gå gjennom og vurdere tilsvarande saker. Om dei fann same feil som dei vi fann i klagesakene, skulle kommunen rette desse opp.
Etter 2019 har det vore justeringar i tenestetilbodet til over halvparten av brukarane som var involvert i kuttet i tenester i 2018/2019. Dei har fått justert opp tenestestetilbodet i større eller mindre grad, seier Teigland.
Ho legg til at saksbehandlingsfeila i vedtaka frå 2018/19 kan ha ført til at enkelte brukarar ikkje har fått tenester som samsvarer med behova deira.
– Kommunen har no gjort ein gjennomgang av alle desse sakene, og vi ber kommunen vurdere om det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at kvar enkelt av dei som fekk reduksjon i tenestene har tilstrekkelege tenester ut frå det behovet dei har no, seier Teigland.
Kommunen må involvere brukarane om det vert gjort nye vurderingar av behova deira. I dei nye retningslinjene kommunen har utarbeidd, er dette ein viktig del av prosessen.
Jens Petter Gitlesen
12 februar 2022