Foto fra Moavegen bofellesskap i Vågå

Takk frå Vågå

NFU har mottatt brev fre vergene til de tre personene i Moavegen bofellesskap som Vågå kommune vil tvangsflytte. I brevet takker vergene alle de som har støttet dem i deres kamp mot tvangsflytting.

Takk frå Vågå

Vi, vergene Marit Moen og Frøydis Schjølberg, og leiar i NFU Vågå, Marie Kongsli Kleiven, har mange vi vil takke for støtte. Vi har hatt ein arbeidsam og krevjande periode for å gjera det beste for dei utviklingshemma i Vågå. Vi håpar dette arbeidet og vil koma mange andre utviklingshemma rundt om i landet til gode. Det er godt å føle at ein har nokon i ryggen når ein driv med ei sak som mange har vanskeleg for å forstå det reelle innhaldet i. Dette gjeld spesielt lokalt der dei eldre blir sett opp mot utviklingshemma. I desse dagar blir anken over dommen i Tingretten utarbeidd. Dommen blei avsagt under tvil, og ein del av våre argument nådde fram. Vi går difor med krum hals inn for ein ny runde i rettsapparatet.

Vi vil takke Ragnhild Løseth, vår glimrande advokat i Leieboerforeningen, for godt utført arbeid, og Leieboerforeningen for økonomisk støtte. Vi har og har hatt god hjelp og gode råd frå Bjug Ringstad (tidlegare nestleiar i NFU) som har vore vår fullmektig. Takk til NFU ved Jens Petter Gitlesen og Hedvig Ekberg for oppfølging av saka vår. Til slutt, men ikkje minst, vil vi takke alle som har gjeve bidrag økonomisk slik at vi tør å følgje saka vidare. Dette gjeld folk som har stått fram med namn, og dei som har gjeve anonymt.

Moavegen i Vågå 27. juni, 2018

Marit Moen                 Marie Kongsli Kleiven                   Frøydis Schjølberg

 


 

 

Tidligere omtale på NFUs nettsider:

29 juni 2018

Tips noen om siden