MAGNHILD BERGHEIM OG TERJE ALBREGTSEN

Samfunn for alle – stortingsval likeså

Stortingsvalet har starta med førehandsrøysting. Det er viktig å røyste no. Smittesituasjonen kan gjere det utfordrande nærare valdagen 13. september, skriv eit foreldrepar til NFU.

Det er viktig for heile samfunnet at også menneske med psykisk utviklingshemming blir inkludert under valet. For dei er det ei formulering på baksida av valkortet som gjer at dei kan få hjelp av den dei sjølve vil i vallokalet. Slik står det:

«Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan røyste åleine? Då har du rett på å få hjelp til å røyste av ein valfunksjonær eller ein annan person som du sjølv peikar ut.»

For oss pårørande er det viktig at alle med røysterett skal kunne ta del i valet. Diverre er det alt for mange rundt oss som trur at eit menneske med utviklingshemming, og med oppnemnt verje, ikkje har røysterett. Det veit vi nære og næraste pårørande er feil. Røysteretten kan ikkje takast frå eit menneske utan ei domsavgjerd i ein domstol.

Korleis kan vi hjelpe ein med utviklingshemming å få levert røystesetelen sin? Og kva for eit parti skal ein med utviklingshemming røyste på, viss dette mennesket ikkje forstår seg på politikk og val?

Vi har ingen problem med å seie at nærast pårørande skal finne fram til det politiske partiet som ein meiner gjer den beste jobben for dette mennesket. Det kan ikkje ein valfunksjonær gjere.

De skal starte med få tak i røystesetelen til det rette partiet. Saman går de til vallokalet, og de tar med heimanfrå den valde røysetesetelen ferdig samanbretta, slik han skal vere når han skal ned i valurna.

I vallokalet går de saman rett til registreringsdisken. Viss ein valfunksjonær krev at de skal inn i valavlukket først, så kan de gjere det, men berre om de sjølve vil. Vallova krev ikkje det.

Framfor registreringsdisken legg de på disken valkortet, legitimasjonen og den samanbretta røystesetelen. Når alt er registrert, blir røystesetelen stempla, og saman går de til valurna og legg røystesetelen i ho. Då er valet gjort.

Samfunnet er for alle! Godt val!

MAGNHILD BERGHEIM OG TERJE ALBREGTSEN

pårørande og verjer

19 august 2021

Tips noen om siden