Viser til høyringsnotat fra Kultur- og likestillingsdepartementet som gjeld den nemnde høyringa.
Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) er ein menneskerettsorganisasjon, som arbeider for full deltaking og likeverd, og mot diskriminering. NFU skal ivareta interessa til menneske med utviklingshemming og familiane deira, overfor sentrale, regionale og lokale myndigheiter. NFU har ca. 8500 medlemmer.
NFU er overordna positive til tiltak som kortar ned sakshandsamingstida i Diskrimineringsnemnda. Diskrimineringsnemnda er eit viktig klageorgan, og det er naudsynt at sakshandsamingstida vert kortare for at det skal kunne fungere etter målet sitt om å vere eit lågterskelorgan. Me er følgeleg i hovudsak positive til forslaga som vert lagt fram av departementet. Me ønsker likevel å kome med nokre særlege merknadar.
Særleg om oppretting av eit meklingstilbod for diskrimineringssaker
Våre kommentarar bygger i hovudsak på vår oppfatning av at ein meklingssituasjon er svært eigna til å tydeleg få fram skilnaden i maktforholdet mellom partane, meir enn det situasjonen tilseier i ei alminneleg klagesak for nemnda.
Innleiingsvis ønsker me å framheve behovet for at ei meklingsordning er heilt frivillig. Saker om diskriminering, trakassering og seksuell trakassering er krevjande å stå i. For mange vil det kunne vere ekstra krevjande å møte den som har utsett ein for denne behandlinga i ei eventuell mekling. For at meklinga skal kunne ivareta sitt formål er det essensielt at ho er frivillig. NFU er vidare skeptiske til om departementet skal følgje Lund-utvalet si tilråding om at Diskrimineringsnemnda skal oppmode til mekling. Det vil vere tilstrekkeleg med ei moglegheit for den som klagar til å uttrykkje eit ønske om mekling gjennom til dømes avkryssing via innsendingsskjema, dette gitt at det finst tilstrekkeleg god nok informasjon tilgjengeleg om kva ei slik mekling vil innebere.
Departementet ber om tilbakemelding på om partane kan møte ved advokat eller rådgjevar i saker der maktubalanse mellom partane tilseier bruk av stedfortredar. Dette er NFU positive til. Knytt til personar som kan bistå i saker for nemnda og ved mekling ønsker me òg å særleg påpeke at våre medlem òg vil kunne ha behov for å ha med andre for å godt nok kunne representere seg. Dette kan vere ein nærståande person, støttekontakt eller andre – både grunna behov for ekstra tryggleik, men òg for bistand til å uttrykke seg. Dette må det leggast godt til rette for, slik at tilbodet vert reelt.
Som allereie nemnd vil meklingssituasjonar kunne tydeleggjere maktubalanse mellom partane. Følger av dette vil kunne vere at meklinga vert oppfatta som ekstra belastande eller som urettvis. Ei vidare følgje vil òg kunne vere at fleire vil kjenne behov for å ha med seg advokat, særleg om andre representantar ikkje er tilgjengelege. Dette vil då ikkje vere i tråd med målet om at Diskrimineringsnemnda skal vere eit lågterskelorgan. Ei løysing på dette vil kunne vere at det vert innvilga fri rettshjelp der maktubalansen mellom partane er særleg framtredande.
Særleg om at resultatet av mekling får rettskraft som rettsforlik
Jamfør den meir framtrendande maktubalansen som kan oppstå i meklingssituasjonar er me noko skeptiske til dette forslaget frå departementet. Det må i saker der maktubalanse mellom partane er særleg framtredande særleg sikrast at det er faktisk semje mellom partane og forståing av forliket.
Særleg om innføring av minimumskrav til klagar
Departementet føreslår å innføre minimumskrav for klagar som kan behandlast av nemnda. NFU ønsker å vere tydelege på at det ikkje kan oppstillast for høge krav til klagar som kan behandlast. Det er viktig at det ikkje blir skapt for høge barrierar for å klage ei sak inn til nemnda. Særleg tenker me her på ordlyden i den nye føreslåtte § 8a, bokstav c om at ein i klagen må oppgi «hvorfor handlingen etter klagers syn utgjør brudd på regelverket». Dette kan for mange vere vanskeleg. Me ber om at det vert vurdert om ei slik formulering er naudsynt. Om så, ber me om at det i skjema for innsending av klage tydeleg vert redegjort for kva som vert meint med dette kravet og korleis ein på ein enkel måte kan klage i samsvar med kravet.
Særleg om bortlegging av saker som ikkje eignar seg for behandling i nemnda
Våre medlem er generelt dårleg økonomisk stilt då dei aller fleste som har ei utviklingshemming går på uføretrygd. For dei er rettssystemet difor i all hovudsak utilgjengeleg. Nettopp difor er det særleg viktig at det er reelle moglegheiter for å få prøvd saker for Diskrimineringsnemnda.
NFU har forståing for behovet for å kunne legge bort saker som ikkje eignar seg for behandling i nemnda. Me ber likevel om ei klargjering av kva for nokre saker departementet siktar til her.
I mellom anna Sivilombodet sin uttalelse i sak 2024/6302 klargjer ombodet at spørsmål om diskriminering ikkje knyter seg til eit heilt avgrensa lovområde, og presiserer i avsnitt 41 at «[d]et kan dermed oppstå tolkningsspørsmål som nemnda må ta stilling til, også knyttet til annen lovgivning eller konvensjoner Norge er bundet av». Mange av dei sakene som det er størst behov for å få avklart i Nemnda er kompliserte saker som krev innsikt i og kunnskap om regelverk utover det klassiske diskrimineringsregelverket, mellom anna EU-regelverk. Dette er likevel saker der det er behov for å få avklaring om det er diskriminering eller ikkje. Me ber difor departementet om å sikre at ein ikkje ender opp med ein situasjon der nokre hamnar mellom to stolar – ein har ei for avansert sak til at nemnda kan behandle den, og står utan midlar og moglegheiter til å ta ei sak for rettssystemet.