Den beste veka i året!

Sist oppdatert: 20. oktober 2026

73 deltakarar og til saman 110 personar var samla på årets sommarleir på Sunnhordland Folkehøgskule. Leiren var fullteikna, akkurat som i fjor.

– Det er fantastisk at leiren er så populær. For mange er dette rett og slett den beste veka i året, både for deltakarane og dei frivillige, seier leirsjef Geir Tore Søreide.

Været var godt, og det blei tid til mange aktivitetar ute, mellom anna bading og båtturar. Dei gode fasilitetane, maten og servicen på folkehøgskulen bidrog også til ei flott leirveke.

Nye deltakarar raskt inkluderte

– Ekstra kjekt er det at vi hadde fleire nye deltakarar i år. Dei blei tatt godt imot og raskt inkluderte i fellesskapet. Det er noko av det finaste med leiren, seier Søreide.

Ungt frivilligmiljø

Elleve frivillige frå lokallaga på Stord, Fitjar og Tysnes var med på å arrangere leiren. Mange av dei er
under 30 år.

– Det gir oss eit godt og engasjert frivilligmiljø. Samtidig er støtta frå Bufdir heilt avgjerande for at vi
skal kunne halde fram med dette viktige arbeidet, understrekar han.

Snakkast i 2027

Neste sommarleir blir arrangert 28. juni–4. juli 2027, og påmeldinga opnar i slutten av januar.

– Vi gler oss allereie. Snakkast i 2027!

Fler artikler

Hvem bestemmer hvor du skal bo?

Hvem bestemmer hvor du skal bo?

I Hamar har åtte unge voksne kjøpt hver sin leilighet. I Stavanger trakk kommunen lodd om hvem som skulle få…
Stat og kommune rigger for effektivisering

Stat og kommune rigger for effektivisering

Flere og større institusjoner for funksjonshemmede med behov for omfattende helse- og omsorgstjenester er dagens mantra. De kommer tett nå,…
Bo trygt

Bo trygt

Å bo i eget hjem innebærer å ha et fast bosted der du føler deg trygg, har et privatliv og…

Skrevet av

Sommerleis Vest

Del med andre