Kulturfestivalen i Førde

NFU Vestland fylkeslag inviterer mennesker med utviklingshemming til

Kulturfestivalen 2023

Scandic Sunnfjord Hotell

20.-22. oktober 2023

 

Dette er den 34. Kulturfestivalen som vert arrangert og temaet for festivalen i år er:

ABBA-Takk for all musikken!

Gjennom helga vil vi tilby ei innhaldsrik musikkhelg. Deltakarane vert delt inn i kurs, som skal gå gjennom heile helga. Ved påmelding vel ein ynskje om kurs. Det er ikkje sikkert ein får plass på førstevalet sitt, derfor ber vi om at de set opp eit andre val også.

Når påmeldingsfristen går ut (10. september) sender vi ut info om kva kurs de kjem på. Dette vert sendt på e-post. Det er derfor viktig å gje oss e-post adressa som vi kan nytte.

I år prøver vi eit nytt kurs. Det er enkeljympa, som er Friskis&Svettis sitt treningsprogram for menneske med utviklingshemming. Her vert det svette og trening til rytmisk musikk.

I år set vi ei deltakaravgift på 300,- for medlemmer av NFU og 800,- for ikkje medlemmer.

Kursa de kan velje mellom er:

Musikalsk samvær:

Dette kurset er for deltakar med samansette funksjonsnedsetting. Det vil seie både kognitiv og fysisk funksjonshemming. Det vert lagt vekt på oppleving av musikk og samvær.

Instruktørar er Karen Bårdsen og Tor Erik

 

Enkelt samspel:

Her får deltakarane synge, lære å bruke rytmeinstrument eller andre instrument. Vi har enno ikkje fått instruktør, men det vert jobba med.

 

Band:

Deltakarane får kvar sitt instrument. Så spelar dei saman til kjente låtar. Instruktørar er John Erik Rode og Fernando Pineda Lopez

 

Forming:

I år har vi nye instruktørar på dette kreative kurset. Alle får lage noko som dei får med seg heim. Instruktørane er Bjørg Sunde Øvrebø og Marianne Lothe.

 

Dans:

Her blir det mykje danseglede med vekt på linedance og swing til fengande musikk. Instruktørane har dansekurs for NFU sine medlemmer i Sunnfjord kommune. Instruktørar er Monica  og Kaja frå Cow Vally Entertainment

 

 

 

Prisar for overnatting og mat på hotellet:

Enkeltrom kr 1 790 pr. person pr. natt

Dobbeltrom kr 1 370 pr. person pr. natt

 

Ikkje buande:

Pausemat fredag kr 99 pr. person

Middag fredag kveld kr 465 pr. person

Dagpakke laurdag kr 550 pr. person

Middag laurdag kveld kr 465 pr. person

Dagpakke kr 550 pr. person

 

 

Påmelding innan 10. september 2023

PÅMELDINGSSKJEMA

https://forms.gle/MWYRzxeozs2ocEwB9

Kontakt for spørsmål:

  • Gry Sætre tlf. 90 94 93 16
  • Stein Erik Øvrebø 97 58 81 19

 

Tips noen om siden