Foto av Geir Johannessen

Målsetjing og verkemiddel

«Mykje kan gjerast av Stortinget no, men då stortingsmeldinga i så liten grad har vurdert kva tiltak og styringssystem som må til, er det naudsynt at ein parallelt set ned eit utval som vurderer dette», skriver Geir Johannessen i sin vurdering av stortingsmeldingen «Frihet og likeverd».

Målsetjing og verkemiddel

Av Geir Johannessen, medlem av arbeidsutvalget Fellesorganisasjonen (FO), leiar av seksjonsrådet for vernepleiarar

 

Ein samla helse- og omsorgskomité uttrykte bekymring for levekåra og foreslo ei full gjennomgang av stoda og tiltak for å få ansvarsreforma tilbake på sporet. 22 år etter ansvarsreforma viser regjeringa si stortingsmelding og faktarapporten til BUFdir at stoda på dei fleste område ikkje er slik ein ynskte då reformen vart vedteke. Sjølv om bustandard og materielle levekår vart vesentleg betra i åra etter reformen, har mange område hatt ei mangel på utvikling. På tross av denne klare negative dokumentasjonen er det ingen klare tiltak for å endre dette.

 

Ansvarsreforma bygde på eit tydeleg ideologisk grunnlag. Sentrale omgrep var integrering, normalisering, sjølvbestemming og levekår som andre. Til grunn for dette låg ei forståing av at dei som budde i institusjon eller bustader som var institusjonsliknande, som gjekk i ulike særordningar i arbeid, skule og fritid, systematisk hadde dårlegare tilgang til vanlege levekår enn andre.

Difor var integrering og normalisering ikkje berre mål i seg sjølv, men dei viktigaste virkemidla for å gje menneske med utviklingshemming tilgang til levekår som andre.

 

Ikkje berre skulle levekåra forbetras, men personar med utviklingshemming skulle leva, delta og væra ein del av samfunnet og samfunnslivet på lik linje med alle andre. Ein hadde forstått at alle samlingar av underprivilegerte i grupper både fører til og er i seg sjølv stigmatiserande, utstøytande og hindrar integrering.

 

Gjennomgangen av stoda frå BUFdir og forskinga på området viser tydeleg at sentrale mål om integrering og normalisering; bustadar, skule, arbeid og fritid som andre og saman med andre personar utan utviklingshemming, har ein i liten grad lukkast med. Vi ser dei siste ti åra faktisk utvikling gal veg:

  • Større institusjonsliknande bufellesskap, ofte i omsorgsghettoar
  • Færre i arbeid, både i verna verksemder og i det ordinære arbeidslivet, og fleire utan dagtilbod i det heile
  • Segregering i skulen gjennom auka bruk av åtskilte undervisningsformar, det være seg einetimar, grupper, klassar og eigne skular
  • Manglande deltaking i ordinære fritidsorganisasjonar

Gjennom dette gjer vi det motsette av det som var måla og dei ideologisk grunna verkemidla i reforma. Vi skaper stengsler mot samhandling med andre. Resultatet vert stigmatisering, segregering og utstøyting. Vi ser klare tendensar til nyinstitusjonalisering, der den utviklingshemma beveger seg mellom ulike segregerte tilbod i bustad, skule/arbeid og fritidstilbod utan å vere i samhandling med andre enn andre personar med utviklingshemming og personale. Deltaking og samhandling er ein føresetnad for integrering, normalisering, verdsetting og gode levekår. Gjennom dette vert ein kjent med kvarandre, normer endrar seg og ein får felles opplevingar. Utan dette får vi eit vi og dei.

Det var difor med frustrasjon og bekymring stortingsmeldinga vart lest. For også der ser vi at den grunnleggande ideologiske forståinga var fråverande. Difor diskuterer ein om kva som er passeleg størrelse på bufellesskap, segregering i bustad, skule, kultur- og arbeidsliv utan at dette vert vurdert opp mot ideologien. Det er meir det praktiske fokuset. Hadde ein hatt den ideologiske forståinga ville ein stilt spørsmåla som vart stilt i samband med reformen: Er dette utstøytande og stigmatiserande og hindrande for integrering, normalisering, og dermed tilgang til levekår som andre? Då ville konsekvensen vore eit behov for omfattande tiltak for å få reforma på rett kjøl.

 

Stortingsmeldinga er nesten fråverande på kva ein vil gjøre for å endre dette. Den signaliserer at vi har behov for meir kunnskap på enkelte områder, men vil elles i hovudsak fortsetje slik vi har gjort dei siste 20 åra, på tross av at faktarapporten klart viser at dette ikkje har fungert. Integrering/inkludering, normalisering og sjølvbestemming kjem ikkje av seg sjølv. Det må både kunnskap, kompetanse, ressursar og prioritering til. Klare målsettingar, systematisk arbeid og styringssystem som følgjer opp er ein føresetnad.

 

Statusrapporten viser tydeleg at vi ikkje har hatt eit godt nok styringssystem som har sikra at intensjonane med reforma vart gjennomført. Forsking viste tidlig at intensjonar og føringar ikkje vart fylgt opp, utan at dette vart fanga opp og førte til naudsynte tiltak. Dette må på plass skal vi nå måla.

Meldinga viser at det er betydeleg mangel på kompetanse i tenestene. Klarast kjem det fram der det vert gjennomført tiltak med bruk av tvang og makt. Ved innføring av lovregulering av bruk av tvang og makt vart det stilt klare kompetansekrav til utøvarane. Føremålet var både å sikra at det vart utført eit godt faglig arbeid for å førebyggja og unngå bruk av tvang og makt, og for at slike tiltak skulle vert gjennomført på en fagleg forsvarleg måte i de tilfella dette var naudsynt. På tross av alvoret i dette, er det så lav kompetanse i tenestene, at det vert gjeve dispensasjon i over 90 % av tilfella der det er vedtak om bruk av tvang og makt.

 

Meldinga trekk fram at vernepleiarkompetanse er viktig i tenestene til menneske med utviklingshemming. Vernepleiarutdanninga er målretta mot personar med funksjonsvanskar, og særleg personar med utviklingshemning. På tross av mangel på kompetanse i tenestene, baserer statens berekningar seg på ei framskriving av dagens dekning. FO meiner at minimum 50% av tenesteytarane må ha høgskuleutdanning. Skal ein dekkje kompetansebehovet må ein auka utdanningskapasiteten av vernepleiarar no.

 

Personar med utviklingshemming får oftast ikkje bestemma sjølv kvar dei skal bu, korleis og kven dei skal bo saman med. Mange stadar er det ventelister for å få bustad, og då må ein oftast sei ja til det ein får. FO meiner at i tillegg til presiseringane i Husbankens rettleiar, dialog mellom kommunane og Husbanken og eventuelt startlån med lengre avdragstid, slik det vert opna for i Bustadmeldinga, må andre verkemiddel takast i bruk. Ein ny nasjonal bustadstrategi må også omfatta personar med utviklingshemming. Også for denne gruppa er det vesentleg at krava til universell utforming av bustadar ikkje vert uthola.

 

Når andelen i både vernet og ordinært arbeid har gått ned og fleire står utan dagaktivitetstilbud, må det et krafttak til. En må gå gjennom korleis tiltaka er organisert og vert fylgt opp. For å sikre at alle har et dagaktivitetstilbud, må dette lovfestast. Det må etablerast fleire varig tilrettelagte arbeidsplassar (VTA), og det må vera klare føringar på at dei skal arbeida for størst mogleg integrering. Arbeid med bistand og varig tilrettelagt arbeid i ordinære bedrifter (VTO) må vera viktige verkemiddel for å integrera personar med utviklingshemma i arbeidslivet. NAV må styrkast og få eit klart ansvar for dette.

 

For å sikre best mogleg inkludering og betre læring for alle trengs det fleire profesjonar inn i skolen. Saman med Utdanningsforbundet har FO gitt ut brosjyra ”Tverrfagleg samarbeid i skulen - god og trygg skulekvardag for alle elevar”, som viser eksempel på korleis bruk av miljøarbeidarar kan leggje til rette for meir læring for alle. FO meiner det er gode argument for at faggrupper som for eksempel vernepleiarar kan gjevast undervisningskompetanse dersom dei har pedagogisk etterutdanning, som foreslått for barnehagelærarar i forskrift om kompetansekrav i skolen.

 

“Frihet og likeverd for mennesker med utviklingshemming” kan verkeleggjerast gjennom eit systematisk informasjons-, utviklings- og tiltaksprogram med naudsynte ressursar. Mykje kan gjerast av Stortinget no, men då stortingsmeldinga i så liten grad har vurdert kva tiltak og styringssystem som må til, er det naudsynt at ein parallelt set ned eit utval som vurderer dette.

Jens Petter Gitlesen

2 desember 2013

Tips noen om siden