Foto av Oddny Miljeteig (SV)

Oddny rydder opp!

Fylkesmannen i Hordaland synes å være alt for restriktiv i overprøvingen av kommunale vedtak. Nå krever kommunalpolitikeren Oddny Miljeteig (SV) at Bergen kommune feier for egen dør.

Ingen kommunalpolitikere har fremmet interessene til mennesker med utviklingshemning oftere eller sterkere enn Bergenspolitikeren Oddny Miljeteig (SV). Få timer etter at Bergens Tidende skrev om Fylkesmannen i Hordaland som knapt overprøver kommunale vedtak om omsorgstjenester, var Oddny Miljeteig klar med spørsmål til byrådet i Bergen kommune. Oddny Miljeteig og SV-leder, Audun Lysbakken, er begge fra Bergen. En skal ikke se bort i fra at Oddny Miljeteig har hvisket Audun Lysbakken noen ord. SV-lederen har allerede stilt spørsmål med rettsikkerheten til mennesker med utviklingshemning i Hordaland.

Skriftleg spørsmål til byrådet, mai 2015

Likskap for lova – og tillit til kommunen frå pårørande/brukarar

I BT onsdag 6. mai kan vi lesa at Fylkesmannen i Hordaland gjer om langt færre klagesaker enn andre fylkesmannsembete år det gjeld nødvendig hjelpe frå kommunen etter Pasient- og brukarrettighetslova. Av 19 klager i 2014 om støttekontakt fekk ingen medhald, av 30 klager i vedtak om kommunal omsorgsløn vart ingen vedtak oppheva eller endra. Av ni klagesaker om praktisk bistand eller omsorgshjelp vart ingen saker omgjorde eller snudde. På landsbasis vart om lag 40% av klager i omsorgssaker oppheva eller omgjorde i 2014. I klager om kommunal avlasting greip Fylkesmannen inn i kvar tredje sak, viser statistikken.

 

Ein kunne vona at dette betyr at Bergen gjer alt rett og etter eit fagleg skjøn som ikkje kan setjast spørjeteikn ved. Dette er ikkje opplevinga til dei pårørande. Leiaren for NFU i Bergen, Kari Elster Moen, seier mange pårørande kvier seg for å ta belastninga som ei klagesak er – for utfallet er likevel gjeve ut ifrå andres erfaring. Ho seier ho trur lova i seg sjølv er lik for alle, men at den ikkje vert handheva på same vis frå fylke til fylke.

 

Geir T- Søreide, fylkesleiaren i NFU, har inntrykk av at det tidlegare var lettare for pårørande å få medhald i klagesaker.

 

Aller mest handlar dette om Fylkesmannen i Hordaland vs. resten av landet. Men frustrasjonen til pårørande handlar også om tilbodet frå kommunen og med det også tillita til saksbehandlinga og hjelpe-utmålinga i Bergen kommune. Difor meiner spørjaren at også Bergen kommune må reflektera over eigne avslag og sjå rundt seg til andre (store) kommunar og fylke. Det er betre å vera føre var.

 

Spørsmål:

Kva tankar gjer byrådet seg i samband med at pårørande i Bergen opplever motløyse og avmakt når det gjeld avgjerder i saker etter Pasient- og brukarrettighetslova som dei er usamde i eller opplever ikkje møter behova dei har?

 

Oddny I. Miljeteig, SV

 

8 mai 2015

Tips noen om siden