Kurshelg på Gloppen Hotel 9-10 november

Vi i Nfu Sogn og Fjordane ynskjer medlemar frå alle lokallag velkomne til ei lærerik helg på Gloppen Hotel 9 til 10 november.

Vi har ulike tema denne helga. Kari Wold Olsen held kurs i Helse- og Omsorgstenestelova, Pasient og brukarrettighetslova og forvaltningslova. Det blir presentasjon av ei BPA- ordning, organisert gjennom Uloba. Eirk Dahl som kjem frå Landsstyre vil informere om nytt frå opplæringsområdet.

Det blir og kurs for personar med utviklingshemming, her er tema sunn mat og fysisk aktivitet.

Heile samlinga startar på Gloppen Hotel laurdag kl 12.00 med ein god lunsj, og avsluttar søndag kl 14.00.

Tips noen om siden