Kulturfestivalen med elektronisk påmelding

Ønskjer velkomen til kulturfestival med Grease-feber

 

Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med fylkeskommunen til ny kulturfestival for menneske med funksjonshemming. Festivalen vert på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 4.–6. april.

Musikalen Grease er tema og dannar ramma for årets kulturfestival. Søndag 6. april vert det førestilling, der deltakarane på festivalen framfører delar av musikalen.

I tillegg vert det verkstadar deltakarane kan delta på gjennom heile helga. Blant tema for verkstadane er band, dans, måling, drama og enkelt samspel. Alle verkstadane arbeider fram mot Grease-førestillinga.

Dyktige instruktørar er saman med musikkterapistudentar frå Grieg-akademiet i Bergen ansvarlege for verkstadane. I tillegg kjem det instruktørar frå breakdance-gruppa Absence, som er kjende frå Norske talenter og er regjerande noregsmeistrar i breaking.

 

Meir praktisk informasjon om kulturfestivalen 2014.

For meir informasjon
Gry Sætre
NFU Sogn og Fjordane
tlf.: 90 94 93 16 
e-post: gry.setre@gmail.com

Tips noen om siden