Kulturfestivalen 2013 med 25 års jubileum

NFU Sogn og Fjordane i samarbeid med Kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fykeskommune, har for 25 gong skipa til ein fantastisk festival med gode kulturopplevingar for ungdom og vaksne med utviklingshemming.

Glade og engasjerte dltakarar fylgte kursa sine frå fredag til søndag. Det var kurs i musikalsksamvær, enkelt samspel, band, eventyr, dans, måling og foto. Kursa var godt tilrettelagt av dyktige kurshaldarar. Musikkterapistudentar ved Grieg akademiet i Bergen, var og gode støttepelarar.

Asvobandet frå Årdal stod for det musikkalskeinnlag ved opninga av festivalel på fredag, og Bjug Ringstad, nestleiar i NFU, stod for den offisielleopninga.

Det store høgdepunktet denne festivalen, var nok markeringa av at kulturfestivalen er 25 år. Det vart feira med festmiddag og jubileumskonsert i Førdehuset. Jubileumskonserten var ved deltakararne ved festivalen  isaman med Olav Stedje. I løpet av helga øvde kvart av kursa på ein av sangane til Olav Stedje, som dei framførte på konserten.

Kari Støfringsdal og Åsta Nordeide var blant dei inviterte gjestane til festivalen. Dei stod for den første kulturfestivalen vår, som vart skipa i 1988. Jubileumskonserten var ei gåve til dei og alle som i 25 år har drive fram denne flotte festivalen. Og til instruktørar, følgepersonane og deltakarane sjølve.

Det var fantastisk flott å halde konsert i Førdehuset, i ein stor sal og på ei stor sene. Der var proffesjonelt opplegg med lyd og lys, og god plass til eit stort publikum. Ei framifrå stor kulturoppleving for alle, både tilskodarar og utøvarar. 


Tips noen om siden