To flotte dagar på Vesterland

Vi hadde eit svært triveleg familietreff på Vesterland, Kaupanger. Åtte familiar, tilsaman og 38 stor og små, var saman til leik og sosialt samver i to dagar.

Laurdag var det grilling, der alle utførte sin del av matlaginga,- godt samarbeid og god start på samkoma. Så var det mykje morro i leikeland og badeland, til vi møttast til ein kjempe god middag ved hotellet.

Søndag var vi på Sogn og Fjordane Folkemuseum, der vi vart godt mottatt og vist rundt på mange ulike aktivitetar, gamle leikar både inn og ute, og tilslutt tur med hest og vogn.

Vi i Nfu Sogn og Fjordane takkar vertskap ved Vesterland og Folkemuseet for god oppfølging heile helga. Og takk til alle frammøtte for eit godt treff. Vi ser fram til å samlast igjen om eitt år,- eller før??

Tur med hest og kjærreVoksne og barn på tunet foran hytta

Tips noen om siden