Familietreff 14-15 september 2013 i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeslag inviterer til Familietreff på Vesterland Familiepark Kaupanger.

Treffet er for familiar med barn med nedsett funksjonsevne. På Vesterland er det mogleg for alle å finne på kjekke aktivitetar. Laurdag startar vi med grilling, så blir det tur i  leikeland og badeland. For syskin frå 12 år og oppover blir det ei eiga samling på gokart-bana. Søndag etter frukost drar vi på Sogn Folkemuseum og får omvisning og finn på ulike aktivitetar der.

Vi håper å samle mange familiar frå heile Fylket. Denne helga skal vere til avkopling, gjere noko kjekt isaman og bli kjent med kvarandre. Påmeldingsfrist er satt til 16 juli, og invitasjon med påmeldingsskjema er sendt alle lokallag og kommunar.

Påmelding på epost til bemaruud@gmail.com

Vi sender  og invitasjon på førespurdnad.

Tips noen om siden