Ein vellukka konferanse og årsmøtehelg i Sogn og fjordane

Vi hadde ein flott konferanse om vergemålslova og opplæringslova, svært engasjerande og viktige tema for oss.

Årsmøte samla 30 engasjerte medlemar. Vi hadde gode drøftinga og forslag til aktivitet i laget.

Det var mange frammøtte til konferansen på laurdag. Vi starta med fylkesmannen sin representant som gjorde greie for den nye Vergemålslova. Vi fekk ein god gjennom gang av lova og kva den vil bety for våre medlemar. Det var mange spørsmål og gode drøftinga. Ove Mjåtveit som har ansvar for den nye ordninga ved Fylkesmannsembete ynskje å vere i dialog med oss og oppfordra til å ta kontakt på epost eller telefon. Den nye vergemålslova trer i kraft 01.07.2013. Fylkesmannen vil halde kurs rundt i alle kommunana i løpet av våren.

Eirik Dahl som representerar Landsstyre gjorde greie for endringar i opplæringslova og informerte om hans arbeid i URLU( Utdanningsdirektoratets råd for likeverdig utdanning).

Årsmøte viste at vi har mange engasjerte medlemar i dei lokalelaga, det kom fram mange gode forslag og ynskje til aktivitetar og arrangement. Gode diskusjonar om vårt arbeid.

Valet vart einstemmig vedtatt til valnemnda sitt framlegg.

Dei som stod på val tok attval og vi har ein stabil stab i fylkesstyret .

Tips noen om siden