Årsmøte og konferanse 26. og 27. april

Velkommen til Sogndal denne helga i slutten av april. Tema ved konferansen på laurdag blir arbeid. Til å informere om dette tema har vi fått med oss fylkesdirektøren i NAV Sogn og Fjordane og ein representant frå ei bedrift. Landstyret blir og representert.

Årsmøte i NFU Sogn og Fjordane Fylkeslag blir på søndag 27..

Viser til brev sendt alle lokallag. 

Saker som lokallaga ynskjer å ta opp på årsmøtet må vere styret v/leiar Bente Underthun,

 i hende 20 mars. 

 Lokallaga skal halde sine årsmøte innan utgangen av februar.

 Lokallaga skal velje utsendingar etter følgjande vedteken nøkkel:

Alle har rett på 1 utsending, + 1 utsending for kvart påbyrja ti-tal medlemar laget har.  Likevel slik at ingen har meir enn 6 utsendingar.

 Fylkesstyret har sendt brev til valnemnda om tillitsvalde som står på val.  Lokallaga vert oppmoda om å komme med framlegg på kandidatar, desse må vere spurde på førehand.

 Valnemnda er samansett av:

Astrid Uthaug, tlf. 99026867 – leiar

Per Tollefsen, tlf. 91561706

Sølvi Silden - vara.

Etter årsmøtet i lokallaga skal fylkesstyret ha tilsendt:

ü  Melding om utsendingar til årsmøte.

ü  Melding om val.

ü  Kopi av årsmelding 2013.

ü  Kopi av revidert rekneskap 2013.

ü  Kopi av referat frå årsmøtet.

 Dette skal sendast til:  NFU Sogn og Fjordane fylkeslag v/ Laila Nistad, Nistad, 6963 Dale,     

e-post: laila_nistad@hotmail.com, seinast 20. mars 2014.

Lukke til med årsmøtet i lokallaget!

 

Tips noen om siden